januar 1, 2021

Vi skaper entusiasme for Norden! Kjøp boka!

Nordisk informasjonskontor Norge er lagt ned frå nyttår. Tilskotet frå Nordisk ministerråd kjem ikkje lenger fram til oss, men stoppar hos Foreningen Norden Norge. Vi takkar for oss med ei bok om 30 aktive år med dedikert arbeid for det nordiske samarbeidet. Boka er på 136 sider, gjennomillustrert og med utdjupingsartiklar om viktige arbeidsfelt, skrivne av gjesteskribentar og kontorets eigne tilsette frå starten til nå.

Vi skaper entusiasme for Norden! kostar NOK 100 medrekna porto, bestill her.
Om du heller vil ha boka som pdf, kan du finne den Vi skaper entusiasme i Norden MATERIE ferdig

Det blir årsmøte tidleg i februar for å vedta den siste årsmeldinga og den siste rekneskapen. Årsmeldinga blir også lagt ut her på heimesida.