desember 3, 2019

Trine Skei Grande: Vi skal nå nye grupper, alltid

Kulturen må utfordre, ha kraft til å stå opp og vere med på å utvikle samfunnet vårt, gjere demokratiet sterkare og meir representativt. Representativitet er ein føresetnad for autoritet. Kulturen må ufordre makta, elles mistar kulturen krafta si, sa kulturminister Trine Skei Grande under konferansen Nordic Dialogues. Fleire av institusjonane våre representerer 1880-åra framleis, og klassisk musikk er noe av det minst representative her i landet. To område i Norge heng mest etter i utviklinga til eit meir likestilt og meir inkluderande samfunn, – det er akademia og kulturlivet. Mi oppgåve til dykk her i salen er ikkje å instruere. Eg berre ber dykk vere representative, eg ber dykk ta opp det folk i sin kvardag er opptatt av. Da vi må snu noen fokus. Vi må snu fokuset, snu fokuset frå produksjon til å nå ut, nå ut til fleire, og nå ut til stadig nye. Når Kulturdepartementet har støtta så sterkt opp om initiativet frå Kulturrådet, og med solid støtte frå Nordisk ministerråd, er det fordi dette er viktig for oss, viktig for å skape eit betre samfunn for alle.

Det Norske Teatret er eit godt eksempel. Teatret har starta teater på Rommen i Oslo. På få veker var det selt over 3000 billettar der. Teatret skaper relevans, og skapte eit heilt nytt publikum. På nynorsk, på nytt norsk.

Vi skal aldri vere nøgd med det publikummet vi har, vi skal nå nye, nå nye grupper, alltid. Alle har ei fordømt plikt til å vere relevante for folket sitt.

Trine Skei Grande fortalte om det treårige prosjeket Inkluderende kulturliv i Norden, og sa at Kulturrådet i Norge nå har fått eit klart oppdrag utan tidsavgrensing: Styrk mangfaldet, og vis at det gir resultat.

Vi har for mange polariserte debattar i Norge nå. Nå er det til og med noen som er redde for at det er for lite jul i Norge. Har dei vore utanfor eigne kommentarfelt, ute på for eksempel Karl Johans gate her i Oslo? Vi må heller klare å snakke om relevans, breidde, nye folk i salen. Dannelse er viktig, å bygge folk som er i stand til å bygge folk som er aktive i sitt demokrati. Vi skal skaffe oss kulturkunnskap. Dannelse er ikkje at alle likar opera, men at dei som ikkje likar opera skal vere i stand til å forklare kvifor dei ikkje likar det.

Kultur og likestilling høyrer saman, vi må gjere jobben saman, sa kulturminister Trine Skei Grande.