mai 12, 2020

Smittefritt Færøyane

Færøyane, med rundt 52 000 innbyggarar, er første land som er meldt smittefritt for korona. Den første koronasmitta blei registrert 3. mars, den siste 22. april. 8. mai var alle dei 187 smitta erklært friske. Færøyane har testa 9084 av innbyggarane for koronasmitte, altså nesten 20% av innbyggarane, melder landslegen.
Alle grenser er stengt for utlendingar, både med båt og fly, fram til utgangen av juni. Fotballsesongen kom i gang 9. mai, som mange i Norge har fått med seg. Her er Færøyanes statistikk-kontor Hagtøl med all koronastatistikk for Færøyane.