mai 28, 2020

Skandinavisk blir styrka i den nye språklova

«§8 § 8 Skandinaviske språk: Alle har rett til å bruke svensk eller dansk i kontakt med offentlege organ. Offentlege organ kan svare på norsk.» Den nye språklova gir eit etterlengta løft for skandinaviske språk, og Foreningen Norden er godt nøgde. I ei pressemelding skriv foreninga: «I redegjørelsen for språkpolitikken bak lovforslaget står det at «Departementet gjev Foreningen Norden rett i at framlegg til føresegn er ei «forventning om at nabospråkforståelsen skal holdes i hevd», og at dette bør reflekterast i politiske vedtak framover. Språklova sikrar ein språkpolitikk i fleire sektorar som tek vare på dei verdiane som ligg i den skandinaviske kulturfellesskapen.»» Språklova skal nå til behandling i Stortinget, og det er all grunn til å tru at forslaget frå kulturminister Abid Raja (Venstre) går gjennom. Foto: Ilja C. Hendel/Kulturdepartementet
Les meir i nyheitsbrev frå Foreningen Norden Norge.