desember 8, 2019

Sanna Marin er sosialdemokratanes statsministerkandidat i Finland

Med 32 mot 29 stemmer vann Sanna Marin avstemminga i landsstyret i sosialdemokratiske partiet i Finland. Ho er med dette partiets statsministerkandidat. SDP – sosialdemokratane i Finland – er største parti i regjeringa. Det er venta at 34 år gamle Sanna Marin frå Tammerfors blir utnemnt til statsminister tysdag. Ho er magister i statsvitskap og har også vore ordførar i Tammerfors. I regjeringa frå juni i år har ho vore kommunikasjonsminister.

Centern, Kristdemokraterna, De gröna, Vänsterforbundet, Finlands socialdemokratiske parti sit i regjeringa nå, og det er venta at alle blir med også i den nye regjeringa, som høgsts annsynkeg blir leia av Sanna Marin.

Antti Rinne var statsminister berre frå 6. juni i år. Finland har hatt 46 regjeringar sidan landet blei sjølvstendig i 1917.

Les meir om valet av ny statsminiser og bakgrunnen hennes i artikkel hos YLE