mars 12, 2020

Oslo mest konkurransedyktig i Norden

I den toårlege rapporten State of the Nordic frå Nordregio, toppar Oslo som den mest konkurransedyktige regionen i Norden. Oslo har høgast BNP pr innbyggar, og gjer det også godt på indikatorar som investering i forsking og utvkling (FoU), kor mange som har høgare utdanning, og ein sunn demografi. Oslo får 717 av 900 moglege poeng, med København på andreplass med 650 poeng. Norske regionar står jamnt over langt høgare i rankinga frå Nordregio enn regionar i Sverige og særleg Finland. Trøndelag, vestland, Rogaland og Troms og Finnmark er alle blant dei 17 mest konkurransedyktige i Norden. Delrapporten om konkurransedyktige regionar står i siste kapittel av rapporten. Les heile rapporten frå NordRegio, utgitt av Nordisk ministerråd, her