oktober 31, 2019

Nordisk råd: E-reseptar må bli godkjente

I dag er det slik at vi kan ta med reseptar for medisin på papir til eit anna nordisk land og få ut den medisinen vi treng på eit apotek. Men dette gjeld ikkje for e-resepter. I klartekst betyr det at om vi gløymer livsviktig medisin heime, og berre har den elektronske resepten dei fleste av oss får i telefon og appar, så får svenskar, danskar og andre ikkje utlevert medisin i Norge. Det hjelper heller ikkje om fastlegen i heimlandet sender epost til apoteket. I Nordisk råds sesjon i fjor fekk ein svensk representant  oppleve dette. Nå står eit samla velferdsutval bak eit krav om modernisering, for å gi folk på reise i Norden eit tryggare liv. Bente Stein Mathisen, Konservative gruppa, la fram samrøystes forslag frå utvalet. Dette skal nå Nordisk ministerråd arbeide vidare med å løyse. Les meir