oktober 14, 2019

Nordic Highlights i Riga internasjonale filmfestival

Nordisk ministerråds kontor i Riga samarbeider nært med Riga Internasjonale filmfestival, og sørger kvart år for innhaldsrikt nordisk filmprogram. Dei nordiske ambassadane og dei nasjonale filminstitutta i Norden er sterkt med. I år er 11 filmar med i Nordic Highlights, frå 17. til 27. oktober. Alle filmane blir viste i fasjonable kinoen Splendid Palace. Blant dei norske filmane er Kongens nei, Ut og stjæle hester (bildet) og Løvekvinnen. Heile det nordiske programmet er her