desember 2, 2019

Kulturleiarar frå Finland til Grønland på Nordic Dialogues

Konferansen Nordic Dialogues samlar kunstnarar, kulturarbeidarar og organisatorar frå heile Norden. Blant deltakarane er direktør Ola Kellgren i Nordisk kulturkontakt, med kontor i Helsingfors, og rektor Ruth Montgomery-Andersen for dans- og teaterutdanninga i Nuuk. Også i parallelsesjonane organiserte av Nordisk Forum for Interkultur og kunstnarnettverket Critical Friends var det deltaking frå alle nordiske land og sjølvstyrte område – frå museum, bibliotek, kulturskolar, kunstnarar og organisasjonar som har deltatt i prosjektet Inkluderende kulturliv i Norden, samt eksterne bidragsytarar.