januar 6, 2020

Kraftig hopp oppover for danske konservative

For første gong på ti år er danske Det Konservative Folkeparti (Høgre) med leiaren Søren Pape Poulsen oppe på 8%, og konkurrerer nå med Radikale (tilsvarar Venstre), Fremskrittspartiet, SF (tilsvarar SV) og Enhedslisten (tilsvarar Rødt) om å vere tredjestørst i Danmark.

Det høgreliberale Liberal Alliance og grønne Alternativet ligg rundt danske sperregrensa på 2% med 1,9 og 2,5%. Dei nye høgrefløypartia Nye Borgerlige og særleg Stram kurs slit på meiningsmålingane nå.

Socialdemokratiet og Venstre er størst, med større forsprang for Socialdemokratiet enn gjennomsnittet dei siste åra. Les meir frå Altinget