september 1, 2019

Konservativ valsiger på Færøyane

Både konservative Folkaflokkurin (24,6%) og konservativ-liberale Sambandsflokkurin (20,3%) gjekk fram i lagtingsvalet på Færøyane laurdag. Saman har dei 15 av 33 mandat i Lagtinget. Partileiar Jørgen Niclasen i Folkaflokkurin arbeider nå for borgarleg landsstyre (regjering), og kan få fleirtal både med konservative Framsókn (to mandat), Miðflokkurin (Kristeleg folkeparti – to mandat). Självstýri (Venstre) fekk eitt mandat. Berre 8 kvinner blei valt inn. Avgåande landsstyreleiar Aksel V. Johannessen (Javnaðarflokkurin – Sosialdemokratane) peikar på fiskerireform som grunn til valnederlaget, melder Kringvarp Føroya.