oktober 29, 2019

Klimaløysingar i eit demokratisk Norden

Klimaløysingar på ein demokratisk måte, der det politiske leiarskapet går foran og all den vanskelege omstillinga til eit klimavennleg samfunn blir oppfatta som rettferdig, var felleshaldinga for dei nordiske statsminstrane i spørretimen i Nordisk råd i dag.

Islandske Katrin Jakobsdottir la vekt på å lytte til vitskapen, og at politikarar og leiarskap går foran. Danmarks nye statsminister Mette Frederiksen presenterte det ambisiøse programet om 70% kutt i klimautsleppa, og den vanskelege vegen dit. «Viss vi ikkje klarer å løyse klimakrisa med demokratiske midlar, vil vi etterlate ein heil generasjon barn og unge i apati», sa Frederiksen.

Finlands Antti Rinne viste til den grundige rapporten som viser høg tillt til det politiske systemet i Norden. Han åtvara mot populistane, og sa at demokratiet må skapast på nytt – kvar dag.

Færøyanes samarbeidsminister Kaj Leo Holm Johannessen ba alle stå saman for å redde fuglen og fisken, og nemnte konkrete eksempel på kampen for å fjerne den livsfarlege plasten frå hava.  Norges statsminister Erna Solberg og Sveriges Stefan Löfven var opptatt av samanhangen mellom klimakamp og sosial utjamning, og at det blir tøffe tak for alle. – Vi må omstille oss. Om vi står stille mens verden går framover, tar vi i realteten eit steg bakover, sa Solberg. Ålands Camilla Gunell viste til uvanlege verforhold på Åland dei siste åra, og at øysamfunn er dei som er mest utsette.

Stefan Löfven oppsummerte: Viskal motbevise pessimistane. Vi skal leie og gjennomføre den største omstilling i verda til nå. Norden har verdsrekord i omstilling. Nå skal vi vise at vi får det til.