mai 30, 2020

Grønland har fått fleirtalsregjering

Sentrumspartiet Demokratene har gått frå å vere støtteparti til å bli regjeringsparti i Grønland. 29. mai blei den nye Naalakkersuisut (regjeringa) godkjent i Inatsisartut (landstinget). Sosialdemokratiske Kim Kielsen, Siumut, held fram som regjeringssjef, i ei regjering som har hatt langt fleire endringar med både parti og personar enn vanleg i grønlandsk politikk. Les meir frå KNR, Grønlands kringkasting.