november 12, 2019

Folkehøgskoleelevar på Evje vil søke Nordjobb

Nordisk informasjonskontor Norge besøker fokehøgskolar og andre skolar med informasjon om Norden, om studiemoglegheiter i Norden og Baltikum, studielån og stipend, utvekslingsprogramma Nordplus, Erasmus og aktivitetsprogrammet Aktiv Ungdom. Siste del av den nordiske timen er å informere og inspirere til å søke sesongjobbar i Grønland, på Island, på Færøyane, i Danmark, Sverige, Finland og på Åland. Vil din skole ha besøk? Ta kontakt med oss på nordeninfo@nordeninfo.no.

Her sit djupt konsentrerte og vitelystne elevar på nystarta Evje folkehøgskole over mobiltelefonane sine i dag, og studerer det fantastiske tilbodet med sesongjobbar i Norden gjennom Nordjobb