desember 11, 2020

Digitalt debattmøte 15. desember om nedstengt oppvekst

Kva for kostnadar får det for barn og unge når samfunnet stenger ned? Går det utover familielivet? Tapar dei utdanning? Eller blir det kanskje mindre digital mobbing når alt skjer på nett? Ny forsking gir svar.
Tid og sted: 15. des. 2020 19:00–20:30, Streames live frå Litteraturhuset i Oslo
Arrangementet er ein del av «UiO: Norden-samtalen», ein arena for samtale om aktuelle nordiske spørsmål. Her er lenke på facebook til samtalen

Arrangementet startar med ei innleiing frå forskargruppa «Living the Nordic Model», før ein panelsamtale om funna. Samtalen vil bli leia av UiO:Norden-direktør Tore Rem. Dette er deltakarane:

Trond-Viggo Torgersen, lege og tidlegare barneombud.
Elisabeth Staksrud, professor i medievitskap og leiar av forskargruppa Living the Nordic Model.
Kristinn Hegna, professor i utdaningsvitskap og kordinator for forskargruppa Living the Nordic Model.
Pål Suren, forskar på barns helse og utvikling ved Folkehelseinstituttet. Medlem av tverrsektoriell gruppe ved Bufdir som vurderar konsekvensar av smitteverntiltaka.
Tore Rem, direktør for UiO:Norden.