desember 21, 2020

Det aller siste nyheitsbrevet vårt

Etter 30 år med Nordisk informasjonskontor i Arendal sender vi med dette ut det aller siste nyheitsbrevet vårt. Fram til 2017 fekk vi direkte eller øyremerkt støtte frå Nordisk ministerråd, men dei siste tre åra har den nordiske delen av finansieringa vår gått via Foreningen Norden Norge. Vi har fått opplyst at landsstyret i Foreningen Norden har bestemt å stoppe samarbeidet med oss. Som naturleg følgje av dette kan ikkje Agder fylkeskommune og vertskommunen Arendal bidra med drygt 60% av budsjettet til kontoret.

Vi takkar for oss med boka Vi skaper entusiasme for Norden! og dette aller siste nyheitsbrevet.