november 30, 2020
Blir det ny regjeringssjef i Grønland?
Erik Jensen vann leiarvalet i Siumut, det sosialdemokratiske partiet i Grønland, søndag. Etter fleire forsøk dei siste tre åra, lyktest det motstandarane av partileiar og regjeringssjef Kim Kielsen å samle eit fleirtal i partiet. Jensen vann med 39 mot 32 stemmer.
Kva som eventuelt skjer med skifte av regjeringssjef, vil verken Erik Jensen eller Kim Kielsen svare på nå. Dei viser til hovudstyret i Siumut, og at det er parlamentet (Inatsisartut) som veljer sjefen i regjeringa (Naalakkersuisut). Berre ein periode tidlegare har det vore ein annan partileiar enn regjeringssjef.
Les meir på knr.gl