september 30, 2019

Agderungdommar i Baltikum

Norges ambassadør Kristian Ødegård i Riga var vert for demokratiseminar da Ungdommens fylkesutvalg i Vest-Agder og Elev- og lærlingerådet i Aust-Agder starta studieturen til Riga, Tartu, Rakvere og Tallinn denne helga. Parlamentsmedlem Inese Voika, den unge demokrati-forkjemparen Ričards Umbraško, Stefan Eriksson frå Nordisk ministerråds kontor og ambassadøren orienterte og svarte på spørsmål. Onsdag er Norges ambassade og ministerrådets kontor i Tallinn vertskap, etter møte med ungdommar i Vest-Agders vennskapsdistrikt Vest-Viru i Estland. Studieturen er lagt til rette av Vest-Agder fylkeskommune og Nordisk informasjons-kontor Norge. Fotograf er Inga Lauvdal i Vest-Agder fylkeskommune.

 

Samtidig er ungdommar frå Øvre Eiker på sykkeltur i vestre Latvia, som del av Erasmusprosjekt med latviske og engelske ungdommar.