desember 11, 2019

2020 blir eit festår i Danmark

– Jeg håber, at hele Danmark vil fejre 100-året for Genforeningen, seier dronning Margrethe til Grænsen, tidsskriftet for det danske mindretalet i Syd-Slesvig og medlemmene i Grænseforeningen. Jubileumsfeiringa startar med seminar i Folketinget 10. januar og byr på festarrangement sør og nord for den dansk-tyske grensa og i heile Danmark heile året. Gjenforeninga av Sønderjylland med resten av Danmark, grensedraginga som blei avgjort etter folkeavstemming og den positive utviklinga i grenselandet er ein fest verd, skriv leiar Jens Andresen i Grænseforeningen. Meir om det store jubileet på heimesida til Grænseforeningen.