oktober 21, 2019

100-årskonsert for Foreningen Norden i Arendal

Torsdag 24. oktober kl 1900 held Aust-Agder kammerorkester festkonsert til ære for Foreningen Nordens 100-årsjubileum i Trefoldighetskirken i Arendal.  På programmet står musikk av Johan Halvorsen med Bojarenes inntogsmarsj og Passacaglia for fiolin og cello, Jean Sibelius med Kareliasuiten, Wilhelm Peterson-Bergers Sommarsången i verket Frösöblomster, Carl Nielsens Orientalske festmarch frå Aladdin og Johan Svendsens Symfoni nr 1 frå 1866.

Ola Balstad dirigerer, Martha-Pil Neumer (fiolin) og Hedda Lydianna Aadland (cello) er solistar, og det heile blir bundne saman av programleiar Paula Gjennestad.

Inngangsbillettane kostar kr 200/100.

Foreningen Norden i Arendal og Aust-Agder kammerorkester ønsker alle hjarteleg velkomne.