mai 3, 2018

Viktig stortingsinterpellasjon om å styrke samarbeidet

Møtande stortingsrepresentant Siv Henriette Jacobsen, Arbeidarpartiet i Østfold, reiste ein viktig debatt i Stortinget 26. april. Jacobsen er også fylkesvaraordførar i Østfold, og ser utfordringane riksgrensa skaper dagleg. Interpellasjonen førte til konstruktiv debatt mellom Jacobsen, nordisk samarbeidsminister Jan Tore Sanner og stortingsrepresentant Karin Andersen (SV, Hedmark) om mange utfordringar, og også om gode eksempel på konstruktive løysingar. Både det nordiske samarbeidet og dei gode resultata av Interreg-samarbeidet blei trekt fram. Les heile debatten her.

Sjå også representantforslag frå ei gruppe stortingsrepresentantar frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti om konseptutviklingsutgreing for jernbane Oslo-Göteborg og Oslo-Stockholm, som nå er til behandling i Stortinget.