november 27, 2017

Vest-Agder forlengar samarbeidsavtale med Estland

Kokkeklassen frå Flekkefjord videregående skole, avdeling Kvinesdal på vellukka utveksling i Vest-Viru i Estland. Foto: skolen.

Vest-Agder fylke og Vest-Viru fylke i Estland har hatt samarbeid sidan 1995. Nå er det regionreform også i Estland, der fylkesadministrasjonane blir erstatta med interkommunalt samarbeid i same regionen. Samarbeidsavtalen blir forlenga til 31.12.2019, med formell signering våren 2018. Fylkesordførar Terje Dammann, gruppeleiar Sally Vennesland og koordinator Inga Lauvdal hadde med seg både kunstnarar og kokkeklasse frå Flekkefjord vgs, avdeling Kvinesdal til området rundt Rakvere aust for Tallinn sist veke. Vest-Agder delte også ut tre kulturstipend på til saman NOK 25 000, ei ordning som starta i 2008.

Kunstnarane Bjørn Aurebekk, Agnete Erichsen og Tom Lid hadde utstilling i norsk veke på hotellet og konferansesenteret Vihula Manor. Vest-Agder fylkeskommune overrakte kunstnarstipend på NOK 12 000 til musikaren Hälis Rünk for studier og innkjøp, NOK 7 000 til keramikaren Kaia Laas og NOK 6 000 til omsetjaren Lauri Saaber.

Delegasjonen besøkte også vitensenteret AHHAA i Tartu og hadde møte med Norges ambassade og Nordisk informasjonskontor i Tallinn. På bildet ser vi dei dyktige unge kokkane frå Kvinesdal, som arbeidde godt saman med kolleger på yrkesskolen i Rakvere.