februar 18, 2019

Tre år på vidaregåande i Nordatlanteren?

Nordatlantisk Gymnasieklasse er eit unikt tilbod til elevar frå Danmark, Færøyane, Island og Grønland, som er interesserte i å oppleve heile Nordatlanteren, mens dei tar ein almen studentereksamen (stx), nokonlunde tilsvarande studiespesialisering i norsk vidaregående skole. Nordatlantisk Gymnasieklasse (NGK) består av elevar frå dei fire nordatlantiske land, som skal gå i klassen saman i tre år. Nordisk informasjonskontor Norge har fått opplyst frå skolen at også norske elevar er velkomne, og i eit svar til oss skriv Statens Lånekasse at dei er veldig positive til søknadar frå norske skoleleevar som vil ta vidaregåande skole i dette tilbodet.
NGK tilbyr ein spesialsydd naturvitskapleg studieretning med faga bioteknologi, arktisk teknologi, matematikk og fysikk. Som elev i NGK vil du gå i 1.klasse i Danmark på Gribskov Gymnasium like nord for København, i 2.klasse i første semester på Færøyane på Miðnám á Kambsdali og etter jul i Island på Verzlunarskoli Islands i Reykjavík og tredje året i Grønland på GUX Sisimiut.
For å søke, må elevar sende ein motivert søknad til Gribskov Gymnasium innan 1. mars. Og norske ungdommar kan altså søke på like fot med ungdommar frå Grønland, Island, Færøyane og Danmark, og i tillegg kunne søke Statens Lånekasse om stipend og lån. Les meir om skoletilodet her