Ny dagleg leiar i Nordisk informasjonskontor

Jan Kløvstad er ny dagleg leiar i Nordisk Informasjonskontor Norge, og starta i stillinga 1. september 2017.

16.10.2017

Han kjem frå deltidsstillingar som arrangementsansvarleg og forlagsredaktør i Bokbyen ved Skagerrak i Tvedestrand og som fylkessekretær i Venstre. Jan Kløvstad har tidlegare blant anna arbeidd som kultursjef i Tvedestrand kommune 1999-2009, som direktør i Katuaq-Grønlands kulturhus i Nuuk 1996-1999, sekretær for sentrumspartia i Nordisk Råd 1994-1995 og som direktør for Nordens Hus på Færøyane i Tórshavn 1989-1994. Han har også bakgrunn frå forlag og frivillig organisasjonsarbeid.

 

Foto av Vigdis Hjorth og Jan Kløvstad er tatt av Tvedestrandspostens Øystein Darbo under eit arrangement i Bokbyen ved Skagerrak.


Om oss| Nyheter

Nordisk Informasjonskontor Norge
Postboks 77, 4801 Arendal
Tlf: 37 02 59 33
e-post: nordeninfo(a)nordeninfo.no
Org.nr: 985321620