oktober 31, 2018

Skal skog vere museum eller viktig næring i klimapolitikken?

Nordisk råd er skeptiske til det fleire medlemmer av Nordisk råd kallar «flere europeiske lands holdning til skog utelukkende til rekreasjon og som museum». Det er EU-kommisjonens forslag til ny skogstrategi som har gjort at det har kome forslag frå Den konservative gruppa i Nordisk råd om å utvikle ein felles nordisk skogspolitikk. I debatten i plenum blei det peika på skolen som ressurs for næring, for berekraftig bruk av skogen, for skogen i klimapolitikken. Dei nordiske landa i EU fekk med Estland, Latvia og Litauen i den politiske kampen i EU, og har vunne fram i EU-parlamentet.

Den nye leiaren i Nordisk råds bærekraftutval, Ketil Kjenseth, var blant dei som såg forslaget i tråd med den nye rapporten frå FNs klimapanel, og med ein aktiv politikk for «rein» bruk av skogen sett i klimasamanhang. Fleire av representantane for GrønnVenstre-gruppa var skeptiske til forslaget.

Med 60 mot 10 stemmer vedtok Nordisk råd:

«Nordiska rådet rekommenderar Nordiska ministerrådet att driva på ett gemensamt Nordiskt ställningstagande rörande våra viktiga skogsnäringar, i förhållande till EU.
Nordiska rådet rekommenderar de nordiska regeringarna att arbeta för – och driva på ett gemensamt Nordiskt ställningstagande rörande våra viktiga skogsnäringar, i förhållande till EU.»
Heile saka og debatten kan lesast her