oktober 31, 2018

– Sjølvsagt skal vi godta elektroniske reseptar over nordiske grenser!

-Sjølvsagt skal vi godta elektroniske reseptar over nordiske grenser, sa Sveriges samarbeidsminister Margot Wallström i Nordisk råds sesjon i dag. Per-Arne Håkansson, svensk medlem av Nordisk råd kom fram til Oslo utan bagasjen, med nødvendige medisinar i den bortkomne bagasjen. Han gjekk til lege, tok kontakt med apotek og sin eigen fastlege heime. Men apoteket i Oslo kunne ikkje godta elketronisk resept, og forlangte resept på papir for å kunne hjelpe med medisinar. – Kan Nordisk ministerråd få orden på dette? Eg kjenner ingen som har med seg papirreseptar når dei er på reise, sa Håkansson.

 

Margot Wallström var arsk på talarstolen og forsikra at dette konkrete problemet straks skal bli gtatt opp i Grensehinderrådet. – Norden skal vere verdas mest integrerte region, og slike probem må vi rydde av vegen, straks, sa Wallström.