april 13, 2019

Over 150 ledige sommarjobbar i Grønland, Island og resten av Norden

Godt nytt til alle arbeidslystne mellom 18 og 30 år: Over 150 ledige sommarjobbar er ledige i ordninga Nordjobb, som Nordisk ministerråd har oppretta. På nettstaden nordjobb.org er det oversikt med over 30 jobbar i restaurant, hotell, omsorg og fiskeindustri i Grønland, restaurant og landbruk på Island, kokk på Færøyane, stort sett alle bransjar i Danmark, Sverige og Finland, og reiselivsnæringa på Åland. Arbeidsgjevarane er godkjent av Nordjobb, det er ordna arbeidsforhold, lønn som lokale tilsette, og i mange av stillingane i Grønland blir anten alle reiseutgifter eller reisa heim betalt av arbeidsgjevar. Mange stader ordnar arbeidsgjevar og/eller det lokale Nordjobb-kontoret, styrt av Foreningen Norden, både velkomst, bustad og fritidstilbod.
Mange har prøvd Nordjobb. Vi har aldri høyrt om noen som har angra på det! Alt om alle jobbane står på www.nordjobb.org.
Grip sjansen!