oktober 31, 2018

– Nordiske grenser skal ikkje skape praktiske problem i kvardagen

Samarbeidsminister Margot Wallström la fram ministerrådets arbeid for å gjere kvardagen lettare for kvar enkelt av oss over grensene i Norden. Ho viste til rapporten frå ambassadør Ingvard Havnen, og grensehindermeldinga til Nordisk råds sesjon. Ambisjonsnivået om å identifisere og fjerne grensehinder er høgare enn før. Målet nå er å fjerne 8-12 grensehinder kvart år, og i 2018 klarte Grensehinderrådet å fjerne meir enn det – 14 hindre er borte vekk. I tillegg skal Grensehinderrrådet arbeide forebyggande. Wallström nemnte rapportf rå Inge Lórange Backer om potensialet i lovgjevingsarbeidet i kvart land, der det heilt frå starten av må vere eit mål å sørge for at nye lover og reglar ikkje gjer livet vanskelegare for folk ved gresene, eller som krysser grensene.

I 2017 var det 1,4 millionar besøk på nettsidene Nordisk ministerråd har laga for praktiske spørsmplk frå borgarane (Hallo Norden) og andre. Det var 40 000 direkte kontaktar. Begge desse tala fortel at det er stort behov for både enklare og meir samordna regelverk, og for informasjonsarbeid. Nå blir dette arbeidet utvida tilein eigen informasjinsportal for næringslivet, for å gjere det lettare å skape nye arbeidsplassar over grensene. Det er også lage ein database for grensehinder, for systematisk å fjerne stadig fleire av dei.

 

Av dei mest konkrete eksempla nå er arbeidet for elektroniske reseptar for å gjere det tryggare å få medisin også på reise.

– Vi er godt nøgde med framdrifta, men vil få enda betre resultat, sa Wallström, og fortalte også at stadig fleire land utanfor Norden tar kontakt for å lære av den tette integrasjonen og det praktiske daglege samarbeidet mellom nordiske land.