oktober 31, 2018

-Norden bør søke vinter-OL i 2030!

Inspirert av ambassadør Ingvar Havnens kronikk i Aftenposten mandag, stilte Jorodd Asphjell (Arbeidarpartiet) spørsmål i Nordisk råds sesjon i dag til dei nordiske samarbeidsministrane: – Vi må få slutt på resurssløsande konkurransar mellom Norge og Sverige for å arrangere stadig dyrare vinter-OL. Også på idrettsområdet bør vi få eit stadig tettare samarbeid. Kan vi arbeide for eit felles vinter-OL i 2030, basert på jordnære nordiske verdiar?

Sveriges samarbeidsminuister Margot Wallström kunne ikkje svare anna enn at det er ein god tanke, som må drøftast grundig i mange fora før det kan kome ein eventuell søknad. Norges samarbeidsminister Jan Tore Sanner var også positiv, men minna med fersk norsk erfaring om det viktige arbeidet med solid fornakring før ein søknad kan bli sendt. Både spørsmålsstillaren og dei to ministrane antyda billegare og meir jordnært OL i eit demokratisk land som ei klar målsetting for framtidige OL – og andre idrettsarrangement.