august 1, 2018

KIMO får stadig fleire nye norske medlemmer

KIMO – Kommunenes Internasjonale Miljøorganisasjon – med sekretariat på Shetland, får stadig fleire norske kommunar som medlemmer. I Agderfylka samordnar internasjonal rådgjevar Lars Holmer Hoven i Aust-Agder fylkeskommune informasjon om arbeidet. KIMO er eit kommunesamarbeid tilsvarande det Nordsjøkommisjonen er for fylke og regionar. I sekretariatet i Lerwick på Shetland arbeider (frå venstre) Austin Taylor, Lucy Wheeler, John Carolan, Grioghair McCord, Arabelle Bentley. Foto Jan Kløvstad.