november 1, 2018

Ingvard Havnen: Kva no, Norden?

KRONIKK

av Ingvard Havnen, tidlegare norsk ambassadør i København

(først publisert i Aftenposten 29. oktober 2018)

For å løfta fram Norden og nordisk samarbeid som eit føredøme, foreslår eg at alle dei fem nordiske landa i fellesskap søkjer om å arrangera vinter-OL 2030.

Det har dei siste åra vore fornya interesse for nordisk samarbeid både frå politikarar og borgarar. Denne interessa bør vi no utnytta til å setja ny fart og gje nytt innhald i samarbeidet. Men det må gje nordisk nytte, meirverdi og føra til konkrete resultat. Kanskje er det og på tide å diskutera kva vi vil med det nordiske samarbeidet.

Dei nordiske statsministrane erklærte i fjor at Norden skal vera verdas mest integrerte region. I ei nordisk spørjeundersøking svara over 90 prosent at samarbeidet var svært viktig eller viktig. To tredeler ønskte meir samarbeid. Utfordringa er å omsetja dette i konkret handling.

Det nordiske samarbeidet strekkjer seg langt tilbake i tid. Dei store visjonane etter andre verdskrigen fekk mange tilbakeslag, men òg nokre suksessar. Av størst betydning var passunionen og opprettinga av ein felles nordisk arbeidsmarknad i 1954.

Då Danmark, Sverige og Finland vart medlemmer av EU, og Noreg og Island fekk EØS-avtalen, skifta fokus frå det nordiske til det europeiske samarbeidet. Det nordiske vart nedprioritert.

Ein nordisk arbeidsmarknad

Arbeidet med å leggja best mogeleg til rette for borgarar og verksemder i Norden til å bevega seg og operera fritt mellom landa, er avgjerande for å knyta dei nordiske landa endå tettare saman. Difor er det viktig å styrka mobiliteten i Norden. Det er ein føresetnad for å skapa ein velfungerande nordisk arbeidsmarknad. Ein nordisk heimemarknad på rundt 25 millionar innbyggjarar representerer òg store moglegheiter for næringslivet.

EU legg rammer for det nordiske samarbeidet og er ved innføring av nytt regelverk ein viktig pådrivar for integrasjon mellom dei nordiske landa. Men samstundes er det eit stort handlingsrom for å vidareutvikla det nordiske samarbeidet innanfor EU/EØS. Her kan dei nordiske land vera spydspiss og føregangsregion for integrasjonen i heile EU/EØS-området.

Det er ikkje mangel på gode forslag som pregar det nordiske samarbeidet. Det er vel knapt det forslag som ikkje er lagt fram anten i Nordisk Råd eller i andre samanhengar. Det er den politiske viljen og evna til å gjennomføra forslaga som ofte manglar. Mange har difor karakterisert samarbeidet som både byråkratisk og visjonslaust.

For at regjeringane og politikarane skal engasjera seg aktivt i det nordiske samarbeidet, må det vera politisk relevant og bety noko for borgarane.

Elektronisk ID i heile Norden

Difor har dei nordiske regjeringane uttrykt ønskje om ei breiare drøfting av korleis vi kan vidareutvikla samarbeidet. Som eit ledd i denne prosessen, har eg på oppdrag av Nordisk ministerråd presentert ein rapport med forslag til korleis vi kan styrkja mobiliteten og integrasjonen i Norden.

Med den fornya politiske og folkelege interesse for det nordiske har vi eit unikt høve til å løfta nordisk samarbeid på den politiske dagsorden. Eg har i min rapport trekt fram sju område som eg meiner er særleg viktige, fordelt på 16 konkrete forslag. Det forslaget som kan få størst betydning for borgarar, verksemder og generelt for all samhandling på tvers av grensene, er at vi skal kunna bruka vår nasjonale elektroniske ID i heile Norden innan utgangen av 2020.

For at det skal bli gjennomført, er det nødvendig med ei klar politisk prioritering og forankring hos dei nordiske regjeringane.

Sjølv om dette kan høyrast teknisk ut, kan ei gjensidig anerkjenning av vår nasjonale elektroniske ID i alle dei nordiske landa, få like stor betydning som innføringa av passunionen i si tid.

TV-kanalar, byggjestandardar og transport

Den nordiske identiteten og språkforståinga er viktig for at vi tenkjer nordisk og for samhandlinga mellom dei nordiske landa. Sjølv om det er omfattande samarbeid og kontaktar både formelt og uformelt, bør utvekslingsprogramma styrkjast med særleg vekt på born og unge. Vi bør òg i størst mogeleg grad ha direkte tilgang til våre respektive TV-kanalar. Engasjementet frå dei unge i heile Norden rundt ungdomsserien Skam , viste kor viktig TV er for språkforståinga.

Vi treng ei sterkare harmonisering av byggjereglar og -standardar samt gjensidig anerkjenning av utdanningar og autorisasjonar for å leggja til rette for auka næringslivssamarbeid.

Vi må hindra at nye lover skaper nye grensehinder.

På samferdselssektoren blir nye og viktige transportsamband utvikla både innan Norden og mellom Norden og omverda. Nye togsamband, transportruter mellom Asia og Europa samt nye transportformer, kan få store konsekvensar for nasjonale transportmønster. Det vil difor vera viktig å samordna nasjonale transportplanar og greia ut framtidas nordiske transportinfrastruktur. Dette kan få stor betydning for gods- og persontrafikken og medverka til å nå klimamåla på transportsektoren, som i dag står for 25 % av utsleppa.

På helseområdet bør vi samarbeida om felles godkjenning og innkjøp av dyre medisinar, kliniske studiar og høgt spesialisert behandling. Det vil kunna ha stor betydning for borgarane og samstundes vera kostnadseffektivt.

Felles OL

Tanken om eit samarbeid mellom enkelte nordiske land for å søkja OL, har vore lansert tidlegare. Men for å løfta fram Norden og nordisk samarbeid som eit føredøme, foreslår eg at alle dei fem nordiske landa i fellesskap søkjer om å arrangera vinter-OL i 2030.

Ein felles nordisk OL-søknad basert på nordiske verdiar, eit nøkternt opplegg, kostnadsdeling og bruk av eksisterande anlegg, ville kunna gjera det langt lettare å skapa politisk og folkeleg oppslutning om ein søknad. No er ikkje alle dei nordiske land typiske vintersportsland. Men kva med kunstløpsøvingane på Island; ishockey, curling og parallellslalåm i Danmark, og så kunne Noreg, Sverige og Finland dela på resten?

Det nordiske samarbeidet er i dag fragmentert. Det må samordnast betre og det må setjast klare mål. Statsministrane har etter Helsingfors-avtalen, ansvaret for den overordna samordninga.

For å heva ambisjonsnivået og sørgja for gjennomføring av viktige saker, bør samarbeidet difor i større grad forankrast hos statsministrane. Det er nødvendig for å sikra den politiske evna og viljen til å driva det nordiske samarbeidet framover. Potensialet er der.

Fakta

Ny rapport om Norden – nye muligheter

Fra 30. oktober til 1. november samles parlamentarikere, statsministre og regjeringsmedlemmer fra alle de nordiske landene til Nordisk Råds sesjon i Oslo.

Kronikkforfatteren, som er tidligere norsk ambassadør til Danmark, har på oppdrag fra Nordisk ministerråd lagt frem en rapport med forslag til hvordan det nordiske samarbeidet kan styrkes.