april 10, 2018

Fra 1 til 14 søkarar etter skoleutveksling med Estland!

-Nå har vi fjorten søkarar med kokkelinja som førsteval, i fjor var det éin, seier avdelingsleiar Turid Kalleberg Mydland ved Flekkefjord videregående skole, avdeling Kvinesdal. Dei ti som etter kvart begynte på kokkelinja hausten 2017 fekk vere med på studietur til Rakvere i Estland i november. Dei møtte elevar ved yrkesskolen i Rakvere, laga norsk og estisk mat, noen av dei serverte i norsk veke på kultursenteret Vihula Manor og alle var med på tur til det imponerande vitensenteret i universitetsbyen Tartu. Etterpå har kokkeelevane arbeidd aktivt for å fortelle om utdanninga si og om det store utbyttet av utvekslingsturen. resultatet er ein kraftig auke i søkinga til skolen og linja, mens det er sterk nedgang i søkinga til kokkelinjene i dei aller fleste andre skolar i Norge.

Til hausten kjem Estlands ambassadør Janne Jõesaar-Ruusalu på besøk til skolen.

Fleire linjer ved vidaregåande skolar i Aust- og Vest-Agder  har eller har hatt utveksling med Baltikum, blant anna billakkerarlinja i Lyngdal (Estland) og Sam Eyde videregående skole i Arendal med omfattande restaureringsarbeid over mange år med synagoge i latviske Rezekne.

Utvekslingane har kome i stand gjennom nært samarbeid mellom skolane og fylkesadministrasjonane, og med støtte frå Erasmus og andre utvekslingsprogram. I samarbeidet mellom Rezekne og Arendal/Aust-Agder har Nordisk informasjonskontor Norge vore aktivt med i tilrettelegginga.